
Invitasjon til open prekvalifisering
Vestland fylkeskommune søkjer kunstnarar til open prekvalifisering for Førde vidaregåande skule.
Førde får eit nytt og samla opplærings- og kompetansesenter. Det blir ei samlokalisering av studieretningane i Førde og eit felles miljø på tvers av fag. Det er planlagt fleire ulike delprosjekt med kunst. Budsjettramma for kunstprosjekta samla er 4,8 millionar kroner.
Vestland fylkeskommune oppmodar no profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar til å melde interesse for prosjektet. Dei kan då verte aktuelle til både konkurransar og direkte oppdrag.
Vi ynskjer i denne omgang at interesserte kunstnarar sender inn eit elektronisk søknadsskjema og legg ved aktuelle vedlegg i denne.
Søknadsfrist er 5. januar 2022
Sjå fullstendig utlysingstekst, kunstplan og søknadsskjema:
www.vestlandfylke.no/kultur/kunst–og-kulturutvikling/invitasjon-til-prekvalifisering-kunst-til-forde-vidaregaande-skule/