Kjellaug Hatlen Lunde bor og arbeider i Stamsund i Lofoten. Hun er opprinnelig fra Suldal i Ryfylke.
Har hendene eigne tankar?
Eg trur hendene tenkjer på sin eigen måte, og det er gjennom hendene, i møtet med materialer, at kunsten min blir til. Så kjem hovudet etter og formulerer på sitt vis. Difor er trykk, avtrykk, grafikk utgangspunktet for mykje av det eg lagar. Ei evig leiting etter språk. Handverket er viktig, dei taktile gledene over møtet med papir, sverte, ting eg finn; alt som kan laga struktur gjennom pressa.
Fargar er også sentralt i det eg skaper. Kvardagssyslar kjem fram i prikkebøkene mine, der eg teiknar mønster, fargelegg med fine tusjar; og fargane blør seg gjennom papiret til neste avtrykk, og ny runde med blyantstreker. Fargeleiken er oppløftande og eit antidepressiva utan biverknader.
Etter oppstart av utdanning i svært ung alder, med kulturutveksling i India, kom ein lang pause med lærarjobb, familieliv og alt som følgjer. Ny start var i Tromsø i 2009 som assistent hjå Hans Ragnar Mathisen, som lærte meg tresnitt og bokbinding. Vidare assistent under oppbygging av Prima Ink i Tromsø, og deretter oppbygging av verkstaden KK-trykk på Kunstkvarteret Lofoten, tilknytta AiR. Det er grafikken som er grunntonen og lidenskapen, men uttrykket blir ofte i installasjon, skulpturelt eller bokform. Initiativtakar til kunstnargruppa Trykk i Sanntid, der tema karbon, karbonavtrykk, klimaspørsmål står sentralt.
Viser alle 12 resultater