Åse Vikse (f. 1981) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeidar i Øystese, Hardanger. Ho held BA (Hons) i Commuication Design (Illustration) frå Gray’s School of Art Aberdeen og MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University London. I tillegg, Grafisk Design frå Høyskolen Kristiania Bergen og fleire kurs i ulike grafiske teknikkar. Sistnemnde danna grunnlag for ei sterk interesse for grafikk som uttrykksform og førte vidare til fagspesifikk utdanning. Ho har vist arbeid i m.a. Bristol, Ísafjörður og London. Vikse arbeidar både med tradisjonelle teknikkar som Tresnitt, og meir kontemporære Monotrykk. Sistnemnde tar ofte form som kunstnarkart. Stadkjensle, kvardagslege situasjonar og forlagte gjenstandar er tema som går igjen i formspråket hennar, kor ho bruker seg sjølv som ein vandrande og utøvande observatør. Hennar fokus er å arbeida og utvikla kunst på mest mogleg bærekraftig vis.