Tom Kosmo – Domestication

27. august – 3. oktober

Norske Grafikere har gleden av å ønske velkommen til Tom Kosmos utstilling «Domestication». I denne utstillingen tar Kosmo oss med inn i sin surrealistiske billedverden hvor menneskets forhold til naturen er et sentralt tema.

Tom Kosmo - Dürer Zoo

Det var alle orda som hadde definert avstanden mellom oss og skogen. Og det var ord, som var årsaka til gjerdene dei satte opp for å markere grensa mellom mennesket, og skogen. Som for å hindre skogen i å kome nærare. Likevel, søkte blikket ditt alltid innover mellom trestammane.

Ei humle flyg lågt over skogbotnen. Lufttrykket frå humla får barnåler, og konglefrø til å dirre, og gli litt nedover den svakt skrånande skogbotnen. Lufta smakar sevje, og tåke. Skogen ligg usagt mellom linjene, og linjene er det einaste me klarar gripe fatt i. Me grip tak, men heng likevel ikkje heilt fast. Ville dyr har vore her før oss. Stillheita bak ein kvist som knakk. Vinden i pelsen. Pusten under teppet. Oppbrukt. Det er klamt å vere tam. Kor mange gonge kan ein puste inn, og ut, sin eigen pust. Innhalere teppevarme. Ser ingenting, men noko tyder på at verda er der likevel. Utanfor. På den andre sida av teppet. Andre sida av papiret. Tett mot huden. Treet som blir pressa mot papir i grafikkpressa. Greinene som somme gonge protesterar mot kroppen, når ein løper gjennom skogen. Domestiserte dyr sine føter mot underlaget. Mørket er som fastlimt under fotsålane. Spor. Små risp. Strekar. Linjer på papiret. Linjer etter sauene sine vandringar i skogen. Linjer i utviklinga, og evolusjonen har ingen intelligent plan. Skuggar lagar ikkje avtrykk, men kanskje kunne dei ha gjort det, om ein stod i ro veldig lenge. Stillstand er unaturleg. Naturen er unaturleg. Den indre naturen er ein skog, og hud er eit tynt papir mellom stillheita inni kroppen, og orda utanfor. Somme gonge klør det. Mellom alle bokstavane luskar eit dyr eg ikkje kjenner. Eit dyr ein ikkje kan fange bak glas, og inni ei ramme. Eit villt dyr.

Den natta blei eg liggjande vaken, under dyna, lenge. For å prøve å kjenne etter kor vidt eg er heilt domestisert.

– Brynhild G Winther

Tom Kosmo har lenge arbeidet med ulike medier, men først i de senere årene har han samlet dem i helhetlige installasjoner av papirbaserte verk, veggtegninger og skulptur. Hos Norske Grafikere viser Kosmo en enhetlig installasjon som fyller gallerirommet. Grafiske arbeider er montert på raske og improviserte veggtegninger som binder rommet sammen, skulpturene står på hyller på veggen eller på pidestaller på gulvet. De ulike mediene glir i hverandre og blir en uadskillelig helhet.

Tom Kosmo bor og arbeider i Bergen, hvor han også fikk sin utdannelse ved grafikklinjen på KHiB. Han har en lang rekke utstillinger bak seg ved blant annet KODE, Nordnorsk Kunstmuseum, Haugesund Kunstforening, Norske Grafikere, Entrée og Oseana Kunst‑ og Kultursenter. Arbeidene hans er innkjøpt til flere offentlige og private samlinger, inkluderende KODE, Oslo Kommunes Kunstsamling, Høyskolen i Bergen, Grieg Foundation og Strømberg-gruppen.

I anledning utstillingen inviterte vi til en kunstnersamtale med Tom Kosmo og Sverre Malling fredag 11. september kl. 18.00. Samtalen ble filmet og opptaket kan sees her.

Kunstnersamtalen var en del av programmet til Oslo Art Weekend 2020.

 

Se Kosmos papirarbeider i nettgalleriet her.